Vettisvegen

Vettisvegen
, ein naturveg dimensjonert for traktordrift, er bygd i tidsrommet 1973 - 1977 under navnet "Folkevegen til Vetti". Ideen til å gjennomføra Vettisvegen på dugnad vart i mars 1973 framsett av dåverende ordfører Jacob Flæte.

Tiltaket har vorte eit folketog mot kravmentalitet, og er i det heile utført ved framifrå dugnadsinnsats av bygdefolket, Heimevernet og Ingeniørvåpnet.

Det er gjeve verdfull stønad i form av pengegåver, maskinelt anleggsutstyr og assistanse frå privatpersonar i og utanfor kommunen, lokale firma, Å S V, Årdal kommune, Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet, Atlas Copco, Pay & Brinck og Dyno fabrikker.

Tiltaket, omtalt som Norges største dugnadstiltak i nyare tid, er organisert og leia av eit frivillig arbeidsutval samansett av:

               Sivilingeniør               Jan B. Paulsen               formann
               Banksjef                    Arne Eldegard                rekneskapsførar
               Formann                    Lidvin Berge                  sekretær
               Kontormann               Anker Øberg                 sekretær
               Kommuneingeniør      Arnfinn Hjelle
               Sekretær                    Agnar Kvam
               Gardbruker                 Jørgen Vetti
               Sivilingeniør                Othmar Hjelle

Tiltaket er gjennomført utan alvorlege personskader.

               Nøkkeltal for Vettisvegen:

               Tiltaket starta               2. mai 1973
               Tiltaket avslutta            1. juni 1977
               Dugnadstimer               50 000
               Dugnadsdeltakarar        ca.1500
               Kapitalforbruk               400 000
               Veglengd                      4860 m
               Bruer                            4                   (Skårabrui, Johannabrui, Avdalsbrui og Helleribrui)

Den høgtidelege opning av vegen vart utført av fylkesmann Ingvald Ulveseth den 19. juni 1977.

NB: Dette er avskrift frå tavla i starten av Vettisvegen.